november 18, 2022

Fredag 18. november 2022 var det styremøte i Sunnmøre Regionråd. Møtet vart halde på United Future Lab Norway på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund, med moglegheit til å delta på Teams. Styremøtet var det femte styremøtet i 2022.

Saker på styremøtet var presentasjon av United Cities Dataplattform frå Atea, evaluering av arrangementet Arena Sunnmøre 2022, verksemdplan 2023 og budsjett 2023 for Sunnmøre Regionråd, samt neste representantskapsmøte i Sunnmøre Regionråd 2. desember 2022.

Styret i Sunnmøre Regionråd består av:

Styreleiar Vebjørn Krogsæter (varaordførar i Ålesund kommune)
Nestleiar Eva Hove (ordførar i Fjord kommune)
Styremedlem Eva Vinje Aurdal (ordførar i Ålesund kommune)
Styremedlem Sølvi Dimmen (ordførar i Volda kommune)
Styremedlem Bjørn-Halvor Prytz (ordførar i Herøy kommune)
Styremedlem Harry Valderhaug (ordførar i Giske kommune)
Styremedlem Monica Molvær (politikar i Ålesund kommune)
1. vara Lena Landsverk Sande (ordførar i Vanylven kommune)
2. vara Jan Magnar Sandvik (varaordførar i Sula kommune)
3. vara Stein Aam (ordførar i Ørsta kommune)
4. vara Olav Myklebust (ordførar i Sande kommune)
5. vara Bigitte Sætre Bonesmo (varaordførar i Sykkylven kommune)

Styret vart på årsmøtet 9. juni 2022 valt for perioden 2022-2024.

Bilde fra styremote nr. 5 2022

På bildet, foran f.v. Lena Landsverk Sande, Harry Valderhaug, Eva Vinje Aurdal, Vebjørn Krogsæter og Monica Molvær. På skjermen bak f.v. Eva Hove, Sølvi Dimmen, Karen Høydal og Bjørn-Halvor Prytz.