• Hjem
  • /
  • Nyheter
  • /
  • Møter på Stortinget om nytt soningssenter på Digerneset
juni 24, 2022

Torsdag 9. juni hadde Sunnmøre Regionråd møter på Stortinget med Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Framstegspartiet. Det var styreleiar Vebjørn Krogsæter, dagleg leiar Jan Kåre Aurdal og Tore Hareide som hadde avtalt møter med desse partia. Vi fekk presentert planane våre for nytt Soningssenter på Digerneset. Fokuserte mykje på at vi er den dårlegaste regionen i landet i antal soningsplasser. Samtidig var vi tydelege på at vi må ha planleggingsmidler på neste statsbudsjett. Det var separate møter, først med Sp der vi møtte Geir Inge Lien, Ivar B. Prestbakmo og Else Marie Rødby. I møte med Ap møtte vi Jonas Løvdal frå justiskomiteen, Per Vidar Kjølmoen og Åse Kristin Ask Bakke. FrP stilte med bl.a. tidlegare justisminister Per Willy Amundsen og Frank Sve. Styret i Sunnmøre Regionråd vil at vi skal jobbe aktivt med denne saka framover.

Bilde 3 Stortinget Ap
Bilde 1 Stortinget Senterpartiet
Bilde 2 Stortinget FrP