Oppvekst
Målsettinga med prosjektet er å sikre kvalitets- og kompetanseheving innan barnehage og skule i regionen nordre Sunnmøre. Dette skal skje ved å etablere felles arenaer, arrangement og delprosjekt.
Satsingsområder
SR Oppvekst har fleire satsingsområde. Dette er område som kommunane prioriterer med tanke på kompetanseheving for skule og barnehage:
- Samlar alle kommunane i nettverk for barnehage og skule til felles møte seks gongar/år og koordinerer arbeidet for desse møta.
- Nært samarbeid med fylkesmannen.
- Fleire kompetanseheving/kurs for assistentar og vikarar i barnehage i samarbeid med Fagerlia VGS.
- Satsing på bruk av digitale verktøy i barnehage og skule. Eiga IKT-gruppe arbeider med dette.
- Arbeider med å starte opp "Styrarutdanning" for barnehage snarast råd hausten 2016.
- Nært samarbeid med prosjektet "Ungdomstrinn i utvikling".
- Felles satsing på fagdagar og anna kursverksemd i regionen. Etablert eiga naturfaggruppe for lærerar som samarbeider for å styrke realfaget.
- Etter- og vidareutdaninng for lærerar i samarbeid med Høgskulen i Volda.
- Samarbeid skule/næringsliv: Kurs og gjennomføring av Innovasjonscampmetodikken i samarbeid med Ungt Entreprenørskap. Årleg Innovasjonscampfinale for regionen (heile Sunnmøre).
- Har etablert "rektorutdanning" i Ålesund frå hausten 2015 med kull på over 40 studentar. Kull nummer to startar hausten 2016.
?
Emneord: Oppvekst