Innovasjonsstudium

Sunnmøre regionråd har i samarbeid med Høyskolen i Lillehammer (HiL) eit skreddersydd studium for  kommunane på Sunnmøre, basert på “Nasjonal Innovasjonsskole for kommunesektoren”.

Studiet skal gi deltakarane kunnskap og ferdigheiter i korleis ein kan planlegge og gjennomføre eit innovasjonsprosjekt.

Studentane sin kompetanse skal kome til nytte ved at ein gjennomfører eit innovasjonsprosjekt i eigen kommune og kunnskapen skal takast med vidare i arbeidet med kommunereformen.

Deltakarkommunar

Ålesund, Sandøy, Ulstein, Volda, Skodje, Haram, Norddal, Ørsta og Sula.

Studiesamlingar

15. - 17. september 2015 Union Geiranger
03. – 04. november 2015 Ålesund Waterfront
08. – 09. desember 2015 Thon hotel Fosnavåg
19. - 21. januar 2016 Studietur til København
14. - 15. mars 2016 Ålesund Waterfront
26. - 27. april 2016 Union Geiranger
Juni 2016 Eksamen

Alumnisamlingar

20. januar 2017 Storfjord Hotel - program for samlinga.

 

 

Emneord: Innovasjon