Helse

"Samhandling på Sunnmøre" ble satt i gang i samband med samhandlingsreforma i slutten av 2010.

Målet med prosjektet var å kome med forslag til korleis medlemskommunane og dåverande Helse Sunnmøre (seinare Helse Møre og Romsdal) kunne kome fram til felles planleggings- og samarbeidsstrukturar.

Som eit resultat av prosjektet vart det i samarbeid med Helse Møre og Romsdal utarbeidd ein felles kompetanse- og rekrutteringsplan for helseføretaket og medlemskommunane, samt ein plan for elektronisk samhandling.

Samhandlingsgruppe

Med utgangspunkt i prosjektet som nemnt har regionrådet sidan primo 2011 vore sekretariat for ei interkommunal samhandlingsgruppe beståande av 1-2 representantar frå kvar kommunane.

Gruppa består av administrative og faglege ressurspersonar. Tema for gruppa sitt arbeid er knytt både til utvikling av samhandling mellom kommunane og helseføretaket og utvikling av samhandling mellom kommunane.

Emneord: Helse