Energi og klima

Energieffektiviseringsprosjektet i regi av Sunnmøre regionråd skal hjelpe kommunane å realisere vedtak i Energi og klimaplanar.

Energileiing

Den skal fremme energiøkonomisk drift og vedlikehald, vise mulige energireduserende tiltak og virke positivt i forhold til energiøkonomi.

Energieffektiviseringsprosjektet gjer økonomiske gevinstar for desse kommunane på ca 525 mill kr i løpet av en 25 års periode basert på en totale energipris på 0,8 kr/kWh eks mva.

Historikk

  • Renovasjon: Ålesunds regionråd (ÅRU), som var forgjengaren til Sunnmøre regionråd,  arbeidde i 2007 – 2009 med etablering av Ålesundregionens Interkommunale Miljøselskap (ÅRIM). ÅRU la i 2009 til rette for gjennomføring av ei større spørreundersøking om brukartilfredsheit med vatn-, avløp- og renovasjonsordningar i kommunane.
  • Energi- og klimaplanar: I 2009 koordinerte ÅRU eit prosjekt der 10 kommunar i regionen fikk utarbeidd energi- og klimaplanar. I 2010 blei desse vedtatt i: Giske,  Ålesund, Ørskog, Stordal, Nordal, Skodje, Sykkylven og Stranda, Haram og Sandøy.  Vestnes og Sula starta sitt arbeid i 2011.
  • Energieffiktiviseringsprosjektet starta i 2010.  Det blei i 2012 søkt om finansiering frå EU, Enova og fylkeskommunen til ei omfattende og langsiktig satsing. Hydrogen som energikjelde er mellom dei tema ein har fokusert på.
  • Handbok i energileiing: Innføring av energileiing i dei enkelte kommunane er ein føresetnad for å kunne nå dei vedtaka som er gjort i energi og klimaplanane. Handboka blei ferdig 2012. 
  • Energimerking: Vi har gjennomført energimerking i fylgjande kommunar ;  Giske ,Haram, Sandøy, Skodje , Ørskog , Stordal , Norddal , Vestnes , Sykkylven  og  Sula. Dette utgjer i alt ca 300000 m2 oppvarmet areal. Dette prosjektet har skaffet disse kommunene en digital database med tegningar og informasjon om dei tekniske anlegga i dei bygga som var meldt inn til dette prosjektet.
  • LED-armatur i gatelys: Utskifting av gamle gatelysarmaturar til LED-teknologi starta i Ålesund og Sandøy i 2012. Målet er å skifte ut gamle gatelysarmaturar i alle kommunane innan produksjon av HQL-armatur vert avslutta i 2015.Det er  Giske , Haram , Sandøy, Skodje , Ørskog , Stordal , Norddal ,    Vestnes , Sykkylven , Sula , Sande , Vanylven, Volda og Ålesund.
  • Energifest: Enovas Regnmakerdag ,som er barnas festdag om energi og klima, blei arrangert våren 2013 på Tueneset i Ålesund.
  • Søkt om investerings tilskudd for alle kommunane og vi står no klar til å ta fatt på arbeide med å få realisert ENØK tiltak.

 

 

Emneord: Energi og klima