Leiargruppesatsinga 2019-2021

Geiranger1 120919

Den første samlinga i leiargruppesatsinga på nordre Sunnmøre var 12.-13. september på Union Hotell i Geiranger.

Imponerande 210 deltakarar frå i alt 57 skular på nordre Sunnmøre var samla.

Leiargruppesatsinga er ei kompetanseheving for å utnytte det potensialet ei leiargruppe kan ha i samband med skuleutvikling.
Ramme for opplæringa er implementering av fagfornyinga på eigen skule.  Dagen var prega av teori og praktiske øvinga, god kunnskap og tema til ettertanke i forhold til å jobbe saman i ei leiargruppe.

Høgskulen i Volda ved Linda Marie Viddal og Arve Fiskarstrand hadde innlegg på dag 1. Dag 2 hadde Jan Merok Paulsen frå Oslo Met. Innlegg om å utvikle leiargruppa på eigen skule.

Det er laga nettverksgrupper der frå 3-5 skular jobbar saman og lærer av kvarandre.

Tilbakemeldingane  er at dette var ei lærerik og positiv samling som leiarane sette stor pris på.
Oppdraget til skulane fram til neste samling er eit mellomarbeid på eigen skule og ei nettverkssamling med erfaringsdeling.

Lykke til!

Geiranger2 120919

E-post