Dialogmøte med helseforetaket

Skrevet .

På møtet viste adm. dir. i HMR Espen Remme til at HMR må arbeide meir effektivt.Helse Møre og Romsdal HF (HMR) kalla kommunane inn til ekstraordinært dialogmøte 1. februar. Hensikta med møtet var orientering og dialog kring HMR sin omstillingsprosess knytt til oppfølging styresak for budsjett og operasjonalisering av utviklingsplan.

Møtet fann stad på Scandic Parken hotell i Ålesund og samla om lag 120 deltakarar. Innleiarar frå føretakssida var adm. dir Stig Slørdahl i Helse Midt- Norge RHF (HMN), styreleiar Ingve Theodorsen i HMR og adm. dir. Espen Remme i HMR.

Styreleiar Theodorsen innleia med at HMR ikkje kan gå med betydelege underskot. Adm. Remme viste til at HMR må møte krava som er uttrykt gjennom Perspektivmeldingen 2017. Her vert det trekt frem at det er naudsynt med ei tydelegare prioriteringer av mål og ein aktiv, systematisk og kontinuerleg innsats for å auke effektiviteten i offentleg sektor.

Remme viste til at ca. 70 % av kostnadane i helseføretaket er løn. Tiltaksområda er generelle innsparingar, nedjustering i tråd med dokumentert variasjon og strukturelle tiltak. Remme kommenterte fødeprosjektet (samanslåing av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde), rehabiliteringsprosjektet (korleis tilby spesialisert rehabilitering framover) og tilpassing av døgntilbodet innan psykisk helse og rus. 

Slørdahl sa at ein må gå frå på vere partar (i samhandlinga) til å verte partnarar, og at byggje eit godt regionalt fellesskap. Han viste til at han forklarer finansieringsmodellen i Helse Midt-Norge RHF på den offisielle Facebook-sida si. 

Ingrid Løset, leiar i Brukarutvalet i HMR, snakka om omstilling med mål om pasienten si helseteneste. Løset viste til at det er pasientgrupper som er redde for kva som skal skje, og at ein må etablere system som gjer at ein beheld kvalitet (på tenestene). Ho stilte spørsmålet om kven si helseteneste det skal vere, om ikkje pasienten si.

Frå «sjukehuskommunane» var det førebudde innlegg ved ordførar i Volda kommune Jørgen Amdam, ordførar i Smøla kommune Roger Osen (i staden for ordførar Kjell Nergaard i Kristiansund kommune), ordførar i Ålesund kommune Eva Vinje Aurdal og ordførar i Molde kommune Torgeir Dahl. 

Ordførar i Volda Jørgen Amdam kommune viste til at kommunane yter mange typer tenester i tillegg til helsetenester, og at problem andre stadar kan bli «dumpa» ned i kommunane. Han snakka for tilbodet på Mork rehabiliteringssenter, og stilte spørsmål om kva som eventuelt skal vere alternativet til Mork.

Ordførar i Ålesund kommune Eva Vinje Aurdal stilte mellom anna spørsmål om kommunane vil klare å omstille seg fort nok (til å møte HMR sin omstillingsprosess).

På dialogmøtet vart det drøfta to spørsmål:

1. Basert på situasjonsbeskriving for HMR og gjennomgang av finansieringsmodellen, kva for refleksjonar gir forsamlinga seg om behovet for at HMR må gjere noko med å endre tenestetilbodet? Kva alternativ ser ein?

2. Korleis ivareta pasientane i omstillingsprosessen?

Spørsmåla vart drøfta både i grupper og i plenum, og det vart gjeve skriftlege tilbakemeldingar frå gruppene til HMR.  

Sunnmøre Regionråd følgjer opp saka om HMR sin omstillingsprosess på representantskapsmøtet 15. februar, der både adm. dir i HMN og adm. dir i HMR deltek.