Større energisparing enn venta

I fjor vart arbeidet med å skifte ut det 40 år gamle varme-og ventilasjonsanlegget i Sykkylven storhall sluttført . Det var berekna ein redukson på energiforbruket på 60 prosent, men prognosene AF Energi og Miljøteknikk har gjort, viser at det så langt i 2018 ligg an til ein reduksjon på 66 prosent.

- Vi er veldig fornøgd med resultatet så langt og stter pris på god oppfølging og godt samarbeid med AF Energi og Miljøteknikk AS, sier einingsleiar kultur Halstein Kurseth.

Halstein 1

 

 Fleire prosjekt

Med utbetringane, som bestod i å skifte ut det gamle varme-og ventilasjonsanlegget i storhallen, samt nye led-lys inne i hallen og alle takhimlingar, var det berekna ein energireduksjon på 60 prosent, men prognosene så langt ligg ann til at reduksjonen i 2018 blir 66 prosent..

- Det sensorstyrte anlegget fungerer veldig godt, og det har vore mykje å spare inn på energiforbruket. Også for brukarane av storhallenhar forholda blitt betre. Vi håpar at vi på sikt kan få til liknande prosjekt ved Sykkylven kulturhus og Velledalen grendahus, sier Halstein Kurseth.

E-post