• Hjem
  • Nyheter
  • Uttale frå Sunnmøre Regionråd om Nordøyvegen

Uttale frå Sunnmøre Regionråd om Nordøyvegen

images

 «Uttale frå styret i Sunnmøre Regionråd om Nordøyvegen

Sunnmøre Regionråd er på styremøte 27.08.18 blitt orientert om Nordøyvegen av styreleiar Bjørn Sandnes og tidlegare styreleiar Oddbjørn Vatne i Nordøyvegen AS.  

Nordøyvegen vart endeleg vedteken av fylkestinget i desember 2016. Etter opning av anbodet er det konstatert eit kostnadsavvik. Konsekvensane av dette er no til utgreiing hos fylkesadministrasjonen. I denne utgreiingsperioden er det uheldig å konkludere før ein har saka på bordet. Nordøyvegen er av stor samfunnsmessig betydning for Sunnmøre. Det er difor viktig at saka vert handtert gjennom dei offisielle politiske kanalane i fylkestinget 16.10.18.

Styremedlem i Sunnmøre Regionråd Andreas Nørve orienterte om vedtak i ordførar- og rådmannsmøte på søre Sunnmøre 17.08.18, der konklusjonen jf. møtereferatet var : «Det føregår eit utgreiingsarbeid og vi må avvente meir informasjon. Bør vere sak i Sunnmøre Regionråd. Styremedlemmar frå Søre tek saka opp på styremøtet i regionrådet, den 27.08.18». Dette viser at det ikkje er noko konflikt mellom søre og nordre Sunnmøre i saka.  

Nordøyvegen vert sak på representantskapsmøtet i Sunnmøre Regionråd 05.10.18.»

E-post