• Hjem
  • Nyheter
  • Strategiplan for Sunnmøre Regionråd 2016 - 2019

Strategiplan for Sunnmøre Regionråd 2016 - 2019

logo

 Selskapsavtalen§3 - Selskapet sitt formål

•Sunnmøre Regionråd er eit felles organ for deltakarkommunane. Selskapet har som målsetting å bidra til ei positiv utvikling i regionen samla og i deltakarkommunane. Selskapet skal vere ein aktiv regional pådrivar med vekt på regional samfunnsutvikling og næringsutvikling og interkommunalt samarbeid. Selskapet skal drive med regional strategiutvikling, vere ein regional utviklingsaktør og fremje saker som utviklar regionen.
•Sunnmøre Regionråd skal vektlegge offentleg partnarskap og partnarskap mellom kommunar og næringslivet, vere ein arena for samhandling på Sunnmøre med vekt på regional utvikling, nærings- og kompetanseutvikling, regionale rammevilkår og samferdsel og vere eit bindeledd mellom politikk, næringsliv, utdanning, helse og andre regionale og statlege styringsorgan.

Strategi 2016 - 2019
•Visjon: «Saman leier vi Sunnmøre inn i framtida»
•Kjerneverdiar: «Samlande, synleg og utviklingsorientert»
•Slagord: «Utvikling gjennom samarbeid»

Mål
•Mål 1: Fremjing av sunnmørske politiske interesser
•Mål 2: Fremje eit mangfaldig arbeidsliv
•Mål 3: Utvikling av kommunale tenester

Mål 1
•Strategi mål 1: 1.1 Vi er «på» dei store politiske sakene heile tida. 1.2 Sakene går som gode politiske prosessar internt i regionrådet, og då spesielt opp mot representantskapet («Sunnmørsrådet»). 1.3 Representantskapet gjer klare vedtak. 1.4 Vi driv lobbyverksemd frå sak til sak, ved jamnlege kontakt og møter med Mørebenken på Stortinget og andre politikarar. 1.5 Vi har kompetanse innan informasjon og samfunnskontakt, synast godt i media og er aktive i samfunnsdebatten. 1.6 Vi arrangerer årleg Arena Sunnmøre for formannskapa i kommunane.

Mål 2

 Mål 3
•Strategi mål 3: 3.1 Rådmannsgruppa vurderer kvart av dei interkommuale fag-/tenestesamarbeida i regionrådet sin regi. 3.2. Rådmannsgruppa vurderer fortløpande å starte nye prosjekt for å støtte effektiv utvikling av kommunale tenester, jf. her også prosessane kring kommunereforma.

E-post