• Hjem
  • Nyheter
  • Samarbeidsmøte 3.mai i regi av Sunnmøre Regionråd Oppvekst

Samarbeidsmøte 3.mai i regi av Sunnmøre Regionråd Oppvekst

3. mai arrangerte Sunnmøre Regionråd Oppvekst eit samarbeidsmøte der temaet for møtet var samskaping.

 Teacher20Credibility

 (Illustrasjonsbilde)

Deltakarane vart delt inn i 3 grupper. Gruppene var sett saman slik at det var ein representant frå skule og barnehage, ein frå fylkesmannen, ein frå høgskulen i Volda eller NTNU og ein frå organisasjonane i kvar gruppe.

Kva ligg i ordet samskaping?

Kvar gruppe fikk svare på kva dei meinte var samskaping.

Gruppe 1:

Å samskape er å utvikle noko i fellesskap der alle involverte er med i heile prosessen og der ein utnyttar kvarandre sin kompetanse.
Det er eit interessefellesskap der alle skal bli høyrt og der ein har ei utforskande tilnærming.
I samskaping er det ingen fasit og heller ikkje eit hierarkisk system. Det er snakk om å bruke tid og tenke langsiktig.

Gruppe 2: 

Å samskape er samspel og dialog. Det er å ha felles utviklingsmål og gjensidig motivere kvarandre til å nå dette målet. Det inneberer å ha felles retning, felles omgrepsforståing, utveksle erfaringar og tankar, skape noko nytt saman og saman få ny innsikt. Gjerne gjennom ekstern forsking.
Samskaping kan skje på tvers av alle arbeidsnivå. Det handlar om å utnytte ressursar i organisasjonen, ein deler erfaring og bearbeider /evaluerer arbeidet underveis i forhold til mål og kva form ein ønskjer.
Moderne samskaping kan lett skje digitalt. Forslag om å lage ei felles plattform. I samskaping har ein felles ansvar og drift, ein skal mobilisere og motivere kvarandre til å skape aktivitet og utvikling.
Samskaping skal kome elevane til gode.

Gruppe 3:

Samskaping er noko positivt og aktivt som gir god effekt og energi! Det handlar om å skape i lag i forhold til behov og nasjonale straumar i barnehage og skule.
På skular der det er lite kompetanse om skuleutvikling handlar det om å skape i lag gjerne med ekstern støtte. Alle skal bidra og ein skal visekvarandre respekt. Det er viktig at ein forklarer omgrep slik at alle har felles forståing.
Samskaping kjem av samskapt læring. Det er medbestemming med ekstern støtte.

Korleis tenkjer de at de kan bidra inn i forhold til å samskape?

Gruppe 1:

NTNU: Tenke på det regionale samarbeidet som eit kompetansenettverk. Der ein bruker eigen kompetanse og får inn ny frå dei som bidreg, alle som skal vere ein del av samarbeidet.


Kommunal sjef: Alle må koplast på og ha felles fokus på alle arenaer. Viktig: Klare rammer-tid og felles fokus.


PPT: Vere med å løfte den faglege kompetansen med spesialkompetanse for eleven. Samhandling og samskaping for å få eit likeverdig kompetansetilbod.


Skuleleiarforbundet: Gi informasjon til dei som er leiarar i forhold til aktivitet i regionen og aktuelle diskursjonar. Ha ein god dialog med medlemmar.


Fylkesmannen Alv Walgermo: FM har mykje statestikk som kan gi oversikt, har mykje kompetanse og kan gi innspel, kan vere med å tenke tverrfagleg for å få meir samhandling på tvers av fag. FM er ein informasjonskanal ut til skular. Bruke lokal UH, men også andre kompetansesenter, tidl. Nasjonale senter som er en del av andre UH miljø

Gruppe 2:

Hi Volda: Høgskulen vil vere ein konstruktiv bidragsytar. Alle i miljøet på høgskulen vil vere tett på og samarbeide med regionen.
Delta i vurdering og analyse av behov og innsatsområder.
UH - delaktig på alle faglege møter saman med arbeidsgruppa i regionen.

Kommune/Skule/barnehage: Viktig å kartlegge behov, huske alle grupper og gjerne dele informasjon på digital plattform. kartlegge behov og prioritere
-strukturere, tydeleggjere, omgrepsavklaring, felles språk-legge til rette for alle involverte-ta med erfaring og informasjon ut til bhg-definere mål
-vere med på å korrigere/endre

KS: Viktig å ha med rådmenn og ordførarar. KS vil også bidra til å skape møteplassar på tvers av regionar slik at ein har ein felles møteplass ogbygger ned skilje. Det er viktig at leiingsaspektet alltid er til stades. –medlemsdialog- påverknad-rammevilkår/juridisk-strategiske val.


Fagforbundet: Viktig å ha ein medlemsdialog. -kan ta med det som regionen arbeider med tilbake til medlemar

Gruppe 3:

Høgskulen vil vere med og gjerne som støtte i prosess og innhald og mål samt stille spørsmål og vere ein ekstern dialog partner. Ønsker å vere åpen og positiv og vere med i samarbeidet.


Kommunenivået: Kommunane vil bestemme, men ein må ha eit samarbeid mellom UH og kommunar. Eit partnarskap.


Utdanningsforbundet: Å vere tillitsvalt betyr å representere ei gruppe, altså lærarar og alle må føle seg verdsett i prosessane. Barnehagelærar og lærarar er nøkkelen til endring.


Region: Viktig å skape arenaer, tid og rom for møteplassar på tvers av kommunar og skular/barnehagar. Ha ei felles forståing av kvar vi skal og kva vi vil. Viktig at vi har med barnehagane frå starten av.

 

Deltakarane som deltok på samarbeidsmøtet 3.mai var:

Fylkesmannen: Alv Walgermo Utdanningsdirektør
Stig Ove Andersen, Rådgivar
KS: Alf Åge Berg
PPT: Svein Ola Lillestøl

Organisasjonane:
Fagforbundet: Lindis Dalebø, Hovudtillitsvalt
Skolelederforbundet: Hildegunn Pedersen, Rektor Sula Ungdomsskule
Utdanningsforbundet: Geir Lorentzen, Skodje Ungdomsskule

Universitet/Høgskular:
Høgskulen i Volda: Ole Frank Bakken, EVU-koordinator
Kari Buset, Institutt for pedagogikk
NTNU: Elin Bø Mårud, Institutt for lærarutdanning

Arbeidsutvalet Barnehage og skule SR-Oppvekst:
Jeanett Reiten, Barnehagekonsulent, Sula kommune
Astrid Ous Larsen, seniorrådgivar, Ålesund kommune
Heidi Roaldsand, barnhagekonsulent, Giske Kommune
Pål Sindre Digernes, Sula kommune, Leder AU
Hilde Sørdal, Kommunalsjef , Ørskog ( Vara for Tone Lillebø, Kommunalsjef Stranda)
Anders Lindbeck, Rådgivar, Team Oppvekst, Ålesund Kommune
Nils Magne Abelseth, Pedagogisk koordinator
Torunn Måseide , Utviklingsrettleiar

 

 

 

 

E-post