Samarbeidar om vidareutdanning

skole shutterstock 336099461 webRomsdal og Nordre Sunnmøre skal no samarbeide om vidareutdanning for grunnskulelærarar innan faga norsk og engelsk.

Det er Kunnskapsnett Romsdal, Sunnmøre regionråd IKS og NTNU som har inngått samarbeid om vidareutdanninga. Med eit regionalt tilbod gjennom UDIR, skal ha fokus på ei kompetanseutvikling for fleire lærarar ved same skule, eller frå same geografiske område.

Det blir difor gjort muleg for grunnskulelærerar i dei to regionane for innsøking mot planlagde regionale tilbod i norsk 1(1-7. klasse) og engelsk 1 (1-7. klasse) med oppstart frå hausten 2017.

Nøgd med samarbeid

Pedagogisk koordinator i regionrådet, Nils Magne Abelseth, er vel nøgd med samarbeidet.

- Vi har lagt opp til at norsk 1 skal leggjast til Molde, mens engelsk 1 leggast til Ålesund. Dersom vi har ledige plassar på Engelsk 1, kan desse gå til søkjarar frå Romsdal. Og visa versa dersom dei har ledige plassar, kan desse plassane gå til søkjarar frå Nordre Sunnmøre, fortel Abelseth.

- Regionen som har gjort avtale med NTNU sine søkjarar har difor fortrinn til opptak på studiet, og ramma er på totalt 35 deltakarar, men sjølvsagt kan søkjarar frå samarbeidspart få tilgang til studiet i den grad det er plassar ledige.

Slik kan ein søke

Vil du ha meir informasjon om studietilbodet for norsk 1 kan du lese om dette på  NTNU sine heimesider. Du kan også lese om studietilbodet for engelsk 1.

Les godt gjennom informasjonen og pass søknadsfristane. Søknadsfrist er 1. mars gjennom UDIR sine vidaretudanningssider.

Ta kontakt med pedagogisk koordinator Nils Magne Abelseth for meir informasjon.

  • Telefon: 70 16 23 97
  • Mobil: 970 35 000
  • E-post:

 

 

E-post