• Hjem
  • Nyheter
  • Tar ikkje omsyn til ei sårbar pasientgruppe

Tar ikkje omsyn til ei sårbar pasientgruppe

turning two foto Peter Kirkeskov Rasmussen flickr.com some rights reserved

Helsedirektoratet har no sendt ut eit nytt høringsutkast med begrunnelse i å igjen flytte barn født før 26. veke til Trondheim. Sunnmøre kjempar videre for Ålesund sjukehus.

Sunnmøre Regionråd IKS er kjent med vedtaket frå 30. november 2016 i Helse Midt-Norge om at barn født før 26. veke skal behandlast ved St. Olavs Hospital i Trondheim. 

Nok ein gong har dette skapt bekymring for neonatalavdelinga, og barn født mellom 26. og 28. veke si framtid ved Ålesund sjukehus.

− Ein valde å tru på forsikringane som blei gitt om at dette ikkje ville få dramatiske følgjer for tilbodet i Ålesund. Dersom anbefalingane i høyringa no blir vedteke, betyr det at innbyggjarane i Møre og Romsdal vil få eit kvalitativt dårlegare tilbod.

−  Det handlar om ei alvorleg svekking av tilbodet til ei svært sårbar pasientgruppe.

Sentralisering

Forslaget skal no ut på høyring og regionrådet merkar seg igjen forslag om sentralisering.

−  Tilbodet legg ikkje til rette for ei behandling som omfattar og tek omsyn til familiane som bor langt unna St. Olavs Hospital. Det Helsedirektoratet her legg opp til er dramatisk for fagmiljøet på neonatalavdelinga på Ålesund sjukehus.

Sunnmøre Regionråd IKS vil oppmode alle parti på Stortinget, og Mørebenken spesielt, om å gå imot ei slik sentralisering som det her vert lagt opp til.

E-post