Abelseth blir pedagogisk koordinator

AbelsethNils Magne Abelseth frå Sandøy er tilsett som pedagogisk koordinator i Sunnmøre Regionråd.


 
Som pedagogisk koordinator skal Abelseth organisere samlingar for skuleeigarar og barnehageeigarar på Sunnmøre.
 
I tillegg skal han ha fokus på leiing, kompetanse, utdanning, skule og næringsliv.
 
Tidlegare har Abelseth vore rektor i Sandøy musikk- og kulturskule og einingsleiar/rektor for undervisningstenester i Sandøy kommune. Han tok rektorutdanning ved NTNU i 2012/2013. Han har også vore ordførar i to periodar i Sandøy kommune.

Nils Magne Abelseth tiltrer stillinga 1. oktober.

E-post